Ytre Søre Sunnmøre Symjeklubb er ein felles symjekubb for alle kommunane på Ytre Søre Sunnmøre, som tilbyr symjekurs og symjetrening for born og unge i området.

Kvart år i midten av mars blir det arrangert Landsdel Årsklassemønstring (LÅMØ), som er ei symjekonkurranse i fem ulike regionar i Norge, for utøvarar i alderen 11-16 år som driv med symjetrening. YSSS høyrer til region Midt-Norge som strekk seg frå Søre Sunnmøre og heilt opp til Namsos. På LÅMØ Midt deltok 16 ulike symjeklubbar med til saman 166 symjarar. For å kunne delta i denne symjekonkurransen måtte utøvarane kvalifisere seg gjennom året i dei fem allsidige øvingane 400 m crawl, 200 m bryst, 200 m rygg, 100 m butterfly og 200 m individuell medley.

Maria Redse-Arset fossar fram på 100 m butterfly. Foto: YSSS

YSSS hadde elleve kvalifiserte utøverar til LÅMØ Midt 2024, noko som er ny rekord for klubben. Frå ein utøvar i 2021, fire i 2022 og seks i 2023, så har det altså vore ein imponerande vekst i antal kvalifiserte symjarar. På grunn av litt sjukdom, skade og fråver, var det til slutt åtte utøverar som reiste til Levanger for å delta i meisterskapet. Klubben har tidlegare gjort det sterkt i denne konkurransen, og i år var intet unntak.

Oda Ulstein-Vestbøstad i fint driv på 200 m bryst. Foto: YSSS

Alle utøvarane gjorde ein fantastisk innsats og sette fleire personlege rekordar på dei fem øvingane det blei konkurrert i. I tillegg tok Tobias Fjørtoft Nupen 6.plass samanlagt (gutar 2012), Maria Redse-Arset 6.plass samanlagt (jenter 2009), Tima Rukovsky 1.plass samanlagt (gutar 2010) og Adrian Manuel Jung Leine 1.plass samanlagt (gutar 2009).

Tima kvalifiserte seg også vidare til Årsklassemeisterskap (ÅM) for heile Norge, der dei 30 beste utøverane samanlagt i dei fem øvingane i kvar aldersklasse skal konkurrere mot kvarandre. Tima er nummer 13 i Norge i si aldersklasse, medan Adrian er nummer 31 (altså første reserve for ÅM).

Årsklassemeisterskapet blir i år arrangert i Kristiansund i mai. YSSS håper då at dei kan stille med to utøverar i konkurransen.

Tima Rukovsky får siste  instruksar frå trenar Cian Walsh. Foto: YSSS

Neste stopp for nokre av konkurransesymjarane til YSSS er Bergen Swim Festival 11.-14.april. Dette er eit av høgdepunkta gjennom året for norske symjarar, og Astri, Adrian, Maria, Oda og Tima har kvalifisert seg til fleire av øvingane der. I denne konkurransen er det både juniorar (13-18 år) og seniorar som deltek. Her blir det mykje trivsel, læring og gode erfaringar å ta med seg vidare, for dei lovande ungdomssymjarar.

Det er gledeleg å sjå at det gror i rekkene, og klubben ønskjer seg enno fleire medlemmar som er glad i vatn og symjing. Bli med og stup i det! I YSSS er det trivsel, tryggleik i vatn og takhøgde!

Tima Rukovsky før start på 100 meter butterfly. Foto: YSSS
Tima Rukovsky tok førsteplass samanlagt i klassa for gutar fødde i 2010. Han kvalifiserte seg også til Årsklassemeisterskap. Foto: YSSS